25 november, 2007

Eksamenslesing

Ja, no begynne ein å kjenna at ein faktisk
går på skulen likavel, gitt...
Er litt for mykje å koma seg gjennom, og med
regntida som ein fjern (vond) draum, er det
vanskeleg å finna roen på lesesalen når sola skin altså.
Nei, då går eg ut!
Her er det Øyvind i klassen som nyt dagen på Ulriken
-snø, sol og faktisk fekk me lest ein god del òg!
Snart er det jul!


27 oktober, 2007

B-veien

Eg har det veldig bra i Bergen, og alle er velkomne på
besøk til meg i Bernhard Meyers vei 11.
Her er Aud og Britta på søndagsmiddagsbesøk til Inga og meg- koseleg!

Eit fint dikt

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

-Olav H. Hauge

17 oktober, 2007

Litt meir frå sørlandsturen

Heilt utruleg vær til å vera byrjinga av oktober!



Segl- og rotur på Sørlandet

Ida ringte og spurte om eg ville vera med ho
og nokon andre som studerer i Bø på tur med flott oselvar,
seks par årar og råsegl, i området rundt Tvedestrand. Det måtte
eg sei ja til, og det vart ei fantastisk flott veke!

Studentlivet i Bergen

Fantastisk haustdag med primusmiddag på
Ulrikens topp.
Og som god NLA-student driv Ragnhild
Bibel-lesing i solnedgongen.

Gapahuk

Sumaren sitt store prosjekt var bygging av gapahuk.
På toppen av ein haug fann me den perfekte tomta,
med utsikt rett ned i fjorden og mot flotte Kvinnheradsfjell og Fonno der bak.
Etter mykje slit og svette, er den no innvigd og klar til bruk.




Besøk i Ørsta

Var på besøk hos Bjørnar i Ørsta i sumar.
Koseleg! Og då været endeleg vart bra fekk me oss ein
flott tur på Romedalstinden.

04 august, 2007

Telt, topp, (u)tørrskodd, triveleg tur

Mari og eg var fire dagar på tur i Bjøndalen i Rosendal
Ville, flotte fjell! Me gjekk ryggen frå Bjørndalstindane
og over til Juklavasskruna i nydeleg kveldsol!
-så vart det telt og regnsumar. Flott tur!




18 juli, 2007

Tysnes Rundt

Eirik og eg var med på Tysnes Rundt første helga i juli.
Dette er ein tur for robåtar og folk i alle aldrar, og i år var
det omlag 50 større og mindre båtar med og sånn omtrent 120 personar.
Fredag kveld og laurdag var nydelege dagar, med heilt stille sjø.
Søndag vart veldig surt og vått, men me kom oss heilt i mål utan
vannblemmer og større lidingar.

Ein kjempeflott tur!




Kor blei sumaren av...?

Kven var det som sa at det er midten av juli no, og midtsumar, her eg sit og
ser ut på skodda, plaskregn, vind og 12 grader...
Nei, då er det ikkje anna å gjer enn å drøyma seg tilbake nokre
veker og månadar til då me kunne nyte fineveret!
Da snur nok snart!
To bilder frå Jonsokaften





18 mai, 2007

17. mai

Norge i rødt, kvitt og blått

Nasjonaldagen vart feira i nydeleg vær heima på Huglo.
-og alle var samde om at det hadde vore ein kjekk dag!

Og når me, etter smørbrød- og kakeeting (-krympe bunaden eller..?),
issluking (-sjit, so varm dinna bunaden e) , hesteskokasting,
kjerringitrillebårkøyring (-pass på bunaden!) og andre 17. maiaktivitetar
avsluttar med Huglasongen, jau, då er det ikkje eit auga som er tørt...


So liti du ligg millom øyar der vest,
men modig du fjordane kløyver,
med høgreiste hamar der skavlane brest
og sjøbroti dengjer og døyver.
Eit hardvore drag
av ver og av gnag
når stormane gufsar og gøyver.

Men skiner det sol over fjordar og land
og sjøen har finaste lune,
då smiler dei grønkande bøar frå strand
og breier seg fagert kring tunet.
Snautt finare såg
du vikar og våg
med skoglund og vollane grøne.

Eg elskar mi øy mellom øyar der vest
om ikkje ho er av dei store,
ditt lag og ditt lende i hugen er fest,
ditt bilet i hjarta er skore.
Frå barndomens år
til grånande hår
du med meg på ferdi har vore.

Dei kjekke ulldottane våre

Graset er alltid grønare...




Utan mat og drikke

07 mai, 2007

Kom mai, du skjønne milde


Me har hatt superfine veker både før og etter påske her på Vestlandet!
Og eg har hatt mykje fri! No har eg komt tebake på basen etter ei ny veka fri.
Det har gått i jobbing med sag og lam heima, men kan kje klaga når ein har hatt sumarvær!
Mammo sin 50 årsdag vart feira på forskudd, det var stas!


Fredag og laurdag var eg og Mari på tur til Gygrastolen - Fantastisk flott!
-varmt og nydeleg vær, fantastisk fjell, "det nytter ikke stresse", ca 700 høgdemeter
med super vårsnø, leir under open himmel i gamal furuskog, og supert selskap
- Kva meir kan ein stakkar ønska seg









Mari på toppen av Gygrastolen,
mot Rosendalsalpane



















Passeleg nøgd i kveldssola!






















Den spreke mammo vår

21 april, 2007

Kunsten å knyta eit slips


-No knyt du for all del aldri opp denne knuten her gut. Det var beskjeden frå far då eg fekk mitt første vaksenslips (eit slikt utan strikkhals -lenge leve strikkhals!)
Og slik har det blitt. Pappa har knytt slipset, ikkje at han kan det- men det vert no ein knute, og eg lirkar det forsiktig av og på utan så mykje å tenkja på å knyta opp knuten.
Dette har alltid gått veldig bra. Eg har lært meg mange kjekke knutar som til dømes dobbel fiskerstikk og Hunter`s stikk, men den heilage Slipsknuten har eg aldri våga meg nær.
Og har det dukka opp eit slips utan knute så har det oftast vore ei jente der som kan hjelpa med Knuten. Ei jente ja. For blandt oss karar er det ein svært liten del av oss som kan denne kunsten. Grunnen til at jenter ser seg bryet verdt med å lære dette vil eg ikkje spekulera på her.
Men igår fekk eg eit slipsproblem. For ein god månad sidan
vart eg skreve opp til Kvartermester. Det vil seia raud stripa, eige rom, ingen inspeksjonar og oppstillingar, ny uniform med dressjakka og altså; slips. Utan Knuten (eller strikk). Til no har
det fått ligga urørt men når ein har vakt må ein ha paradeuniform og der må slipset med. Dette slo meg etter middag i går. Spurde fem seks karar her på basen om hjelp med Knuten -nei, ingen hjelp å få. Det enda med at eg tok slipset med inn til byn, då eg syntes å minnast
at Martin kunne Knuten. Til slutt knytte ein fyr ein slags knute og
eg stilte på vakt med 15 cm langt slips med rar knute...
Men no har eg funne ut korleis det skal gjerast og eg er
svært nøgd med Knuten min!

-Jeg velger meg april

Ja, det gjorde Bjørnson. Og han var ikkje den dummaste akkurat,
mellom anna skreiv han om En glad gutt (Øyvind heitte han visst..)
Og når det gjeld april er eg enig med Bjørnson altså. Denne månaden har
alt -springa barfot i graset eine dagen og vassa i snø dagen etter.
No er det lardag kveld og eg sit vakt på Haakonsvern, frå idag tidleg
til måndag morgen -jess. Men dei siste vekene har vore svært så bra
så "da kan man ikke annet enn å klage".
Først påskeferie, så ein dag på basen før ei veka jordbrukspermisjon.
Då var det heim å passa lam seint og tidleg, hogga ved sjølvsagt,
møking, graving, og til slutt kom den lenge etterlengta saga -jaudå!
Sist søndag unnte eg meg litt fri og tok turen på Gygrastolen. Dette
fjellet har eg sett på over fjorden mange gongar, og no skuffa det
ikkje! Makan til fantastisk vårskitur er det ikkje mange av! I bar
overkropp oppover flott furuskog før på med skia og fantastisk
utsikt innover kvasse eggar mot Fonno, Rosendalsalpane, 1200 meter
rett ned i dalen, fjorden langt der nede og havet ute i vest! Nedkjøringa
var fullt på høgde med det beste i utlandet!
Så var det altså back to base med to iskalde dagar på
sjøen i snøvær og no "helg".

12 april, 2007

Røykjesild - ekte tradisjonsmat frå Huglo


Sildo e klar!
Fiska i vinter, drept, sløydd, salta, røykt, tørka nokre månadar og
no klar til eting.
-Æsj, vil du kanskje seia... men dette er godt altså! Spesielt saman
med kalde poteter og knekkebrød er dette mat for Mons (ikkje
berre katten altså..)
Røykjesilda er prøvd ut på to veker lang ekspedisjon på Svalbard og
den gjorde stor suksess - til slutt var etterspurdnaden så stor at folk
ville gje vekk den beste sjokoladen mot ein bit av sildo!
Kristoffer er her klar til å smaka på årets produkt.
Vel bekomme!

07 april, 2007

Påske

Nokre bilete frå påsketuren:
-Toppen av Geitedalstind
-over Fonno mot Ulvanoso


-Martin og eg i Rosendal



No er det påskeaftan, og påska er jammen godt over halvvegs...
Det har for det første vore fantastisk å ha heilt fri så mange dagar,
og når eg i tillegg har kjempeflotte dagar kan ein ikkje klaga, nei!
Palmelaurdag reiste eg og Martin (Øytun-kompis) innover til Kvinnherad
med fullasta Golf og tre par ski på taket. (Eg syntes me trengte eit alibi då skia våre
er så breie og svære, så eg heiv med fjellskia òg...-spørs om det alibiet kanskje
verka mot si hensikt..?)
Etter ferjekaiventing kom me endeleg opp til Rednedalen der me gjekk til
Fonnabu i berre-skjorta-vær. Nydeleg kveld og solnedgong på
1400 moh!
Vakna til ny fantastisk dag! To andre som var på hytta skulle gå over
breen til Rosendal og dersom me ville, kunne me bli med så skulle dei køyra
oss tilbake til bilen då me kom ned -JA TAKK!! Det vart ein kjempeflott dag over
breen og i sløsjen nedover til me måtte kapitulera og ta skia på sekken. Etter ein lang
og god dag rusla me gjennom våren i Baronihagen i Rosendal -snakka om
nasjonalromanikk!
Bilhenting og telting ovanfor Rosendal.
Måndag tok me skia på ryggen og rusla inn Melsdalen. Me kom nesten heilt opp
på Omnatind, men snudde då skodda vart for tjukk. Flott skikøyring i gryta nord
for Melderskin!
Tysdag våkna me til ny nydeleg dag. Pakka saman og køyrde til Uskedalen der
me gjekk på Geitadalstind. Hardt og isete i toppen med ein vannvittig toppskavl.
Så var det å setja seg på ferja heimover etter fantastiske dagar!
Her på Huglo går det i passing og venting på lam som skal bli født. Og passing på
brødre då mamma og pappa er borte. Kjekt å vera saman med vener her heime òg!
God påske vidare!

26 mars, 2007

Knallbra helg!









Me har hatt eit fantastisk vær på Vestlandet no i ei heil veka! Sol frå skyfri himmel,
nattefrost og lite vind!
Etter ei veka der eg var ute i finværet kvar dag her på Haakonsvern, sette eg meg på
båten til Haugesund og Bigbang-konsert på fredag - kjempebra!
På laurdag var det ein snartur heimom før eg reiste opp att til byn på kvelden.
Søndag var verkeleg Dagen (med stor d altså..!). Opp kvart på sju...-eller var vel heller
kvart på seks då kokka vart stilt den natta. Møtte Mari og tok bussen opp til Kvamskogen.
Då me kom dit angra me ikkje på at me stod opp litt tidleg. Wunderschön rett og slett!
Me la i veg oppover mot Byrkjefjellet på skaren medan sola varma meir og meir. Etter
signering i boka på toppen bar det ned i skaret mot Lendafjellet for ein god pause og matbit.
Etterkvart kom me oss opp på toppen av dette fjellet òg - relativt søkkvåte av sveitte men
veldig fornøgde. Frå 1260 moh var det ein fantastisk utsikt! Å svinga seg nedover
i vårsnøen var berre superbra! Så venta ein lange pause, før opp ein gong til,
lang pause og så nedover mot vegen att i ettermiddagssola. Heilt fantastisk flott!
Tilbake fekk me haik med tysk dama i minibil med megahund, og etter
køkøyring var me tilbake i byn i åtte-tida.
Lettare tomat i fjeset og med store glis etter ein super dag!
Tenk om dette været varer gjennom påska òg...!

22 mars, 2007

Vårjamndøger

I går, onsdag 21. mars, var det vårjamndøger - altså dagen var like lang som natta
og frå no av vert dagane lengre og lengre fram mot sumaren!
Det var ein nydeleg fin dag, her ute på basen stod eg ute heile dagen og bytta og fikse på
tauverk på båtar i sola - veldig greit faktisk!
Så fekk eg lov å gi meg litt før normalt og 15.30 sat eg på bussen til Kvamskogen for å
ta "fysisk fostring". Planen var å gå på Byrkjefjellet i kveldsola og rekka bussen tilbake til
byn 19.00.
Då eg hoppa ut av bussen på fjellet i sol og omgitt av mykje snø var det berre megabra, men så gjekk eg på ein megasmell... for då bussen nett hadde kjørt hadde eg ingen skisko med meg..!
Eg var sikker på eg hadde gløymt dei på bussen, og prøvde å ringa - tomt for batteri...
Etter ein time kom ny buss. Den sa at dersom eg stod der kl 19.00 kom det ein buss då
som sikkert hadde skoa mine med seg. OK! Då var det berre å venta og nyta solnedgongen
og fjellufta medan eg såg nokon meg ski og sko på fjellet eg hadde tenkt meg på.
Bussen kom. Dei hadde ikkje funne skoa mine. Sjit og! Til slutt så gjekk eg med skia
på sekken heilt tilbake til Eikedalen (eg hadde ein følelse av at kanskje dei hadde dotte
ut då folk gjekk av der...) Etter ein times gange stod det eit par sko på brøytekanten og venta på meg! Haik med trivelig engelskmann, geolog og skredforskar, tilbake til byn.
Det var som alltid superbra å koma seg til fjells!

17 mars, 2007

Status etter vinteren sine herjingar


På Tveit har det gått hardt for seg i vinter (også..) - i alle fall dersom du er eit tre
og har stått på Stølen i frå før krigen. Det som ikkje stormen Per reiv ned
har farfar og resten av slekta saga over ende eit etter eit. I dag var det tid for å
gjera opp statusen, då me kjørte stokkane fram for å gjera dei klare til saging
- vel 50 stokkar vart det. Så no har farfar kjøpt sag.
Det blir greier veit eg!

12 mars, 2007

Tid

Tida går. Tida kjem. Tida står nesten heilt stille.

Enkelte dagar burde vore slik at ein berre kunne sagt
"Vett du ka, eg berre gir meg no eg. 19 timar er meir enn nok for i dag.
Eg trur eg sparar resten til ein dag eg treng dei meir.
For eksempel den sumardagen du veit.
Den som aldri burde ta slutt"

11 mars, 2007

Nokre dikt faktisk

No var det nettopp 100 år sidan Rolf Jacobsen vart fødd.
To av dikta hans - Nord og Fjell las me ein del gongar på Øytun,
så eg følger Aud sitt gode eksempel og legg dei ut her.

Se oftere mot nord.
Gå mot vinden, du får rødere kinn.
Finn den ulendte stien. Hold den.
Den er kortere.
Nord er best.
Vinterens flammehimmel,
sommernattens solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.

MERE FJELL
Av og til må noe vare lenge,ellers mister vi vel vettet snart,
så fort som allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint og riktig gamle hus er fint,men enda bedre -fjell.
Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres(og det må den snart),
så står de der og står og står så du har noe å legge pannen inntil,
og kjøle deg og holde i noe fast.
Jeg trivs med fjell. De lager horisonter med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: - Den gamle nupen her har stått som nå helt siden Haralds-tiden.
De sto her da de spikret en arming fast til korset.
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store bratte pannen uten tanker i.
Den sto her under Belsen og Hiroshima.
Den står her nå som landemerke for din død, din uro, kanskje dine håp.
Så du kan gå der bort og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

GUDS HJERTE
Guds hjerte vet vi ikke,men vi vet noe som overstrømmer oss som et regn over hendene.
Hans øyne ser vi ikke,men vi ser usynlig lys over alle ting som i sommernatten.
Hans stemme hører vi ikke,men vi finner veier overalt og spor i hjertene og stier med lavmælt lys.

Helga i byn

Denne helga måtte eg sitja vakt på basen på søndag - eg var vel ikkje akkurat overbegeistra for dette, men...
Fredag etter "jobb" her på Haakonsvern var det inn til krypinnet mitt i B-veien i sentrum. Så fekk eg den rastlause må-koma-meg-ut-og gjera-nåke-vetigt kjensla som eg ofte får etter ein "hard" dag på basen. Ut måtte eg, og joggetur heilt opp til Rundemanen vart det. Kom opp til snøen til slutt, men det vart farlig mildt her i helga så det smeltar...
På vegen opp møtte eg på ein gamal kamerat. Midt i vegen stod han, kvit og fin "Jasså, du flyktar frå byen, ja. Det held eg med deg i! Sjølv er eg litt skeptisk då eg skiller meg litt ut her no som snøen forsvinn...må nok få på meg sommarkleda", sa harepusen før han hoppa vidare.
Etter ein god tur var eg invitert heim til ein av befala mine til Sjømannskapsamling -kosli.
Laurdag reiste eg opp i Eikedalen for å lufta skia og meg. Der var det eit herlig dårleg føre - omtrent som å stå på ski i sirup. Ikkje akkurat vinterlege forhold, nei... Men alltid godt å koma seg til fjells! På kvelden bar det ein til i Gammen for ein koseleg kveld med pizza, film, kaffe og kort.
Og no har eg snart slått i hjel ein dag framfor pc`en på Haakonsvern..
Håpar vinteren og fjellet kjem og reddar meg neste helg!

Vakthavende assistent på Haakonsvern Orlogsstasjon

Søndag, teit uniform, enda teitare vaktskilt rundt halsen, basekontoret, ingen TV`ar som fungerer på heile basen, grått og vått (takk-og-lov forresten..!), berre 8 timar igjen no..!
-Jaudå, dette er min store draum!
Så fann ut at det er ei super anledning til å begynna med blogg -fann jo ut at eg visst hadde ein blogg allereie så då var det slett ikkje noko stort problem å koma i gong!