21 april, 2007

Kunsten å knyta eit slips


-No knyt du for all del aldri opp denne knuten her gut. Det var beskjeden frå far då eg fekk mitt første vaksenslips (eit slikt utan strikkhals -lenge leve strikkhals!)
Og slik har det blitt. Pappa har knytt slipset, ikkje at han kan det- men det vert no ein knute, og eg lirkar det forsiktig av og på utan så mykje å tenkja på å knyta opp knuten.
Dette har alltid gått veldig bra. Eg har lært meg mange kjekke knutar som til dømes dobbel fiskerstikk og Hunter`s stikk, men den heilage Slipsknuten har eg aldri våga meg nær.
Og har det dukka opp eit slips utan knute så har det oftast vore ei jente der som kan hjelpa med Knuten. Ei jente ja. For blandt oss karar er det ein svært liten del av oss som kan denne kunsten. Grunnen til at jenter ser seg bryet verdt med å lære dette vil eg ikkje spekulera på her.
Men igår fekk eg eit slipsproblem. For ein god månad sidan
vart eg skreve opp til Kvartermester. Det vil seia raud stripa, eige rom, ingen inspeksjonar og oppstillingar, ny uniform med dressjakka og altså; slips. Utan Knuten (eller strikk). Til no har
det fått ligga urørt men når ein har vakt må ein ha paradeuniform og der må slipset med. Dette slo meg etter middag i går. Spurde fem seks karar her på basen om hjelp med Knuten -nei, ingen hjelp å få. Det enda med at eg tok slipset med inn til byn, då eg syntes å minnast
at Martin kunne Knuten. Til slutt knytte ein fyr ein slags knute og
eg stilte på vakt med 15 cm langt slips med rar knute...
Men no har eg funne ut korleis det skal gjerast og eg er
svært nøgd med Knuten min!

1 kommentar:

Asbjørn Sortland sa...

Slipsknuten din vart referert på baksida av Bergens Tidene på torsdag. Tema er stadig like aktuelt :-)