07 april, 2007

Påske

Nokre bilete frå påsketuren:
-Toppen av Geitedalstind
-over Fonno mot Ulvanoso


-Martin og eg i Rosendal



No er det påskeaftan, og påska er jammen godt over halvvegs...
Det har for det første vore fantastisk å ha heilt fri så mange dagar,
og når eg i tillegg har kjempeflotte dagar kan ein ikkje klaga, nei!
Palmelaurdag reiste eg og Martin (Øytun-kompis) innover til Kvinnherad
med fullasta Golf og tre par ski på taket. (Eg syntes me trengte eit alibi då skia våre
er så breie og svære, så eg heiv med fjellskia òg...-spørs om det alibiet kanskje
verka mot si hensikt..?)
Etter ferjekaiventing kom me endeleg opp til Rednedalen der me gjekk til
Fonnabu i berre-skjorta-vær. Nydeleg kveld og solnedgong på
1400 moh!
Vakna til ny fantastisk dag! To andre som var på hytta skulle gå over
breen til Rosendal og dersom me ville, kunne me bli med så skulle dei køyra
oss tilbake til bilen då me kom ned -JA TAKK!! Det vart ein kjempeflott dag over
breen og i sløsjen nedover til me måtte kapitulera og ta skia på sekken. Etter ein lang
og god dag rusla me gjennom våren i Baronihagen i Rosendal -snakka om
nasjonalromanikk!
Bilhenting og telting ovanfor Rosendal.
Måndag tok me skia på ryggen og rusla inn Melsdalen. Me kom nesten heilt opp
på Omnatind, men snudde då skodda vart for tjukk. Flott skikøyring i gryta nord
for Melderskin!
Tysdag våkna me til ny nydeleg dag. Pakka saman og køyrde til Uskedalen der
me gjekk på Geitadalstind. Hardt og isete i toppen med ein vannvittig toppskavl.
Så var det å setja seg på ferja heimover etter fantastiske dagar!
Her på Huglo går det i passing og venting på lam som skal bli født. Og passing på
brødre då mamma og pappa er borte. Kjekt å vera saman med vener her heime òg!
God påske vidare!

Ingen kommentarer: