26 mars, 2007

Knallbra helg!









Me har hatt eit fantastisk vær på Vestlandet no i ei heil veka! Sol frå skyfri himmel,
nattefrost og lite vind!
Etter ei veka der eg var ute i finværet kvar dag her på Haakonsvern, sette eg meg på
båten til Haugesund og Bigbang-konsert på fredag - kjempebra!
På laurdag var det ein snartur heimom før eg reiste opp att til byn på kvelden.
Søndag var verkeleg Dagen (med stor d altså..!). Opp kvart på sju...-eller var vel heller
kvart på seks då kokka vart stilt den natta. Møtte Mari og tok bussen opp til Kvamskogen.
Då me kom dit angra me ikkje på at me stod opp litt tidleg. Wunderschön rett og slett!
Me la i veg oppover mot Byrkjefjellet på skaren medan sola varma meir og meir. Etter
signering i boka på toppen bar det ned i skaret mot Lendafjellet for ein god pause og matbit.
Etterkvart kom me oss opp på toppen av dette fjellet òg - relativt søkkvåte av sveitte men
veldig fornøgde. Frå 1260 moh var det ein fantastisk utsikt! Å svinga seg nedover
i vårsnøen var berre superbra! Så venta ein lange pause, før opp ein gong til,
lang pause og så nedover mot vegen att i ettermiddagssola. Heilt fantastisk flott!
Tilbake fekk me haik med tysk dama i minibil med megahund, og etter
køkøyring var me tilbake i byn i åtte-tida.
Lettare tomat i fjeset og med store glis etter ein super dag!
Tenk om dette været varer gjennom påska òg...!

Ingen kommentarer: