22 mars, 2007

Vårjamndøger

I går, onsdag 21. mars, var det vårjamndøger - altså dagen var like lang som natta
og frå no av vert dagane lengre og lengre fram mot sumaren!
Det var ein nydeleg fin dag, her ute på basen stod eg ute heile dagen og bytta og fikse på
tauverk på båtar i sola - veldig greit faktisk!
Så fekk eg lov å gi meg litt før normalt og 15.30 sat eg på bussen til Kvamskogen for å
ta "fysisk fostring". Planen var å gå på Byrkjefjellet i kveldsola og rekka bussen tilbake til
byn 19.00.
Då eg hoppa ut av bussen på fjellet i sol og omgitt av mykje snø var det berre megabra, men så gjekk eg på ein megasmell... for då bussen nett hadde kjørt hadde eg ingen skisko med meg..!
Eg var sikker på eg hadde gløymt dei på bussen, og prøvde å ringa - tomt for batteri...
Etter ein time kom ny buss. Den sa at dersom eg stod der kl 19.00 kom det ein buss då
som sikkert hadde skoa mine med seg. OK! Då var det berre å venta og nyta solnedgongen
og fjellufta medan eg såg nokon meg ski og sko på fjellet eg hadde tenkt meg på.
Bussen kom. Dei hadde ikkje funne skoa mine. Sjit og! Til slutt så gjekk eg med skia
på sekken heilt tilbake til Eikedalen (eg hadde ein følelse av at kanskje dei hadde dotte
ut då folk gjekk av der...) Etter ein times gange stod det eit par sko på brøytekanten og venta på meg! Haik med trivelig engelskmann, geolog og skredforskar, tilbake til byn.
Det var som alltid superbra å koma seg til fjells!

Ingen kommentarer: