26 mars, 2007

Knallbra helg!









Me har hatt eit fantastisk vær på Vestlandet no i ei heil veka! Sol frå skyfri himmel,
nattefrost og lite vind!
Etter ei veka der eg var ute i finværet kvar dag her på Haakonsvern, sette eg meg på
båten til Haugesund og Bigbang-konsert på fredag - kjempebra!
På laurdag var det ein snartur heimom før eg reiste opp att til byn på kvelden.
Søndag var verkeleg Dagen (med stor d altså..!). Opp kvart på sju...-eller var vel heller
kvart på seks då kokka vart stilt den natta. Møtte Mari og tok bussen opp til Kvamskogen.
Då me kom dit angra me ikkje på at me stod opp litt tidleg. Wunderschön rett og slett!
Me la i veg oppover mot Byrkjefjellet på skaren medan sola varma meir og meir. Etter
signering i boka på toppen bar det ned i skaret mot Lendafjellet for ein god pause og matbit.
Etterkvart kom me oss opp på toppen av dette fjellet òg - relativt søkkvåte av sveitte men
veldig fornøgde. Frå 1260 moh var det ein fantastisk utsikt! Å svinga seg nedover
i vårsnøen var berre superbra! Så venta ein lange pause, før opp ein gong til,
lang pause og så nedover mot vegen att i ettermiddagssola. Heilt fantastisk flott!
Tilbake fekk me haik med tysk dama i minibil med megahund, og etter
køkøyring var me tilbake i byn i åtte-tida.
Lettare tomat i fjeset og med store glis etter ein super dag!
Tenk om dette været varer gjennom påska òg...!

22 mars, 2007

Vårjamndøger

I går, onsdag 21. mars, var det vårjamndøger - altså dagen var like lang som natta
og frå no av vert dagane lengre og lengre fram mot sumaren!
Det var ein nydeleg fin dag, her ute på basen stod eg ute heile dagen og bytta og fikse på
tauverk på båtar i sola - veldig greit faktisk!
Så fekk eg lov å gi meg litt før normalt og 15.30 sat eg på bussen til Kvamskogen for å
ta "fysisk fostring". Planen var å gå på Byrkjefjellet i kveldsola og rekka bussen tilbake til
byn 19.00.
Då eg hoppa ut av bussen på fjellet i sol og omgitt av mykje snø var det berre megabra, men så gjekk eg på ein megasmell... for då bussen nett hadde kjørt hadde eg ingen skisko med meg..!
Eg var sikker på eg hadde gløymt dei på bussen, og prøvde å ringa - tomt for batteri...
Etter ein time kom ny buss. Den sa at dersom eg stod der kl 19.00 kom det ein buss då
som sikkert hadde skoa mine med seg. OK! Då var det berre å venta og nyta solnedgongen
og fjellufta medan eg såg nokon meg ski og sko på fjellet eg hadde tenkt meg på.
Bussen kom. Dei hadde ikkje funne skoa mine. Sjit og! Til slutt så gjekk eg med skia
på sekken heilt tilbake til Eikedalen (eg hadde ein følelse av at kanskje dei hadde dotte
ut då folk gjekk av der...) Etter ein times gange stod det eit par sko på brøytekanten og venta på meg! Haik med trivelig engelskmann, geolog og skredforskar, tilbake til byn.
Det var som alltid superbra å koma seg til fjells!

17 mars, 2007

Status etter vinteren sine herjingar


På Tveit har det gått hardt for seg i vinter (også..) - i alle fall dersom du er eit tre
og har stått på Stølen i frå før krigen. Det som ikkje stormen Per reiv ned
har farfar og resten av slekta saga over ende eit etter eit. I dag var det tid for å
gjera opp statusen, då me kjørte stokkane fram for å gjera dei klare til saging
- vel 50 stokkar vart det. Så no har farfar kjøpt sag.
Det blir greier veit eg!

12 mars, 2007

Tid

Tida går. Tida kjem. Tida står nesten heilt stille.

Enkelte dagar burde vore slik at ein berre kunne sagt
"Vett du ka, eg berre gir meg no eg. 19 timar er meir enn nok for i dag.
Eg trur eg sparar resten til ein dag eg treng dei meir.
For eksempel den sumardagen du veit.
Den som aldri burde ta slutt"

11 mars, 2007

Nokre dikt faktisk

No var det nettopp 100 år sidan Rolf Jacobsen vart fødd.
To av dikta hans - Nord og Fjell las me ein del gongar på Øytun,
så eg følger Aud sitt gode eksempel og legg dei ut her.

Se oftere mot nord.
Gå mot vinden, du får rødere kinn.
Finn den ulendte stien. Hold den.
Den er kortere.
Nord er best.
Vinterens flammehimmel,
sommernattens solmirakel.
Gå mot vinden. Klyv berg.
Se mot nord.
Oftere.
Det er langt dette landet.
Det meste er nord.

MERE FJELL
Av og til må noe vare lenge,ellers mister vi vel vettet snart,
så fort som allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint og riktig gamle hus er fint,men enda bedre -fjell.
Som ikke flytter seg en tomme om hele verden enn forandres(og det må den snart),
så står de der og står og står så du har noe å legge pannen inntil,
og kjøle deg og holde i noe fast.
Jeg trivs med fjell. De lager horisonter med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: - Den gamle nupen her har stått som nå helt siden Haralds-tiden.
De sto her da de spikret en arming fast til korset.
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store bratte pannen uten tanker i.
Den sto her under Belsen og Hiroshima.
Den står her nå som landemerke for din død, din uro, kanskje dine håp.
Så du kan gå der bort og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

GUDS HJERTE
Guds hjerte vet vi ikke,men vi vet noe som overstrømmer oss som et regn over hendene.
Hans øyne ser vi ikke,men vi ser usynlig lys over alle ting som i sommernatten.
Hans stemme hører vi ikke,men vi finner veier overalt og spor i hjertene og stier med lavmælt lys.

Helga i byn

Denne helga måtte eg sitja vakt på basen på søndag - eg var vel ikkje akkurat overbegeistra for dette, men...
Fredag etter "jobb" her på Haakonsvern var det inn til krypinnet mitt i B-veien i sentrum. Så fekk eg den rastlause må-koma-meg-ut-og gjera-nåke-vetigt kjensla som eg ofte får etter ein "hard" dag på basen. Ut måtte eg, og joggetur heilt opp til Rundemanen vart det. Kom opp til snøen til slutt, men det vart farlig mildt her i helga så det smeltar...
På vegen opp møtte eg på ein gamal kamerat. Midt i vegen stod han, kvit og fin "Jasså, du flyktar frå byen, ja. Det held eg med deg i! Sjølv er eg litt skeptisk då eg skiller meg litt ut her no som snøen forsvinn...må nok få på meg sommarkleda", sa harepusen før han hoppa vidare.
Etter ein god tur var eg invitert heim til ein av befala mine til Sjømannskapsamling -kosli.
Laurdag reiste eg opp i Eikedalen for å lufta skia og meg. Der var det eit herlig dårleg føre - omtrent som å stå på ski i sirup. Ikkje akkurat vinterlege forhold, nei... Men alltid godt å koma seg til fjells! På kvelden bar det ein til i Gammen for ein koseleg kveld med pizza, film, kaffe og kort.
Og no har eg snart slått i hjel ein dag framfor pc`en på Haakonsvern..
Håpar vinteren og fjellet kjem og reddar meg neste helg!

Vakthavende assistent på Haakonsvern Orlogsstasjon

Søndag, teit uniform, enda teitare vaktskilt rundt halsen, basekontoret, ingen TV`ar som fungerer på heile basen, grått og vått (takk-og-lov forresten..!), berre 8 timar igjen no..!
-Jaudå, dette er min store draum!
Så fann ut at det er ei super anledning til å begynna med blogg -fann jo ut at eg visst hadde ein blogg allereie så då var det slett ikkje noko stort problem å koma i gong!