21 april, 2007

-Jeg velger meg april

Ja, det gjorde Bjørnson. Og han var ikkje den dummaste akkurat,
mellom anna skreiv han om En glad gutt (Øyvind heitte han visst..)
Og når det gjeld april er eg enig med Bjørnson altså. Denne månaden har
alt -springa barfot i graset eine dagen og vassa i snø dagen etter.
No er det lardag kveld og eg sit vakt på Haakonsvern, frå idag tidleg
til måndag morgen -jess. Men dei siste vekene har vore svært så bra
så "da kan man ikke annet enn å klage".
Først påskeferie, så ein dag på basen før ei veka jordbrukspermisjon.
Då var det heim å passa lam seint og tidleg, hogga ved sjølvsagt,
møking, graving, og til slutt kom den lenge etterlengta saga -jaudå!
Sist søndag unnte eg meg litt fri og tok turen på Gygrastolen. Dette
fjellet har eg sett på over fjorden mange gongar, og no skuffa det
ikkje! Makan til fantastisk vårskitur er det ikkje mange av! I bar
overkropp oppover flott furuskog før på med skia og fantastisk
utsikt innover kvasse eggar mot Fonno, Rosendalsalpane, 1200 meter
rett ned i dalen, fjorden langt der nede og havet ute i vest! Nedkjøringa
var fullt på høgde med det beste i utlandet!
Så var det altså back to base med to iskalde dagar på
sjøen i snøvær og no "helg".

Ingen kommentarer: