18 mai, 2007

17. mai

Norge i rødt, kvitt og blått

Nasjonaldagen vart feira i nydeleg vær heima på Huglo.
-og alle var samde om at det hadde vore ein kjekk dag!

Og når me, etter smørbrød- og kakeeting (-krympe bunaden eller..?),
issluking (-sjit, so varm dinna bunaden e) , hesteskokasting,
kjerringitrillebårkøyring (-pass på bunaden!) og andre 17. maiaktivitetar
avsluttar med Huglasongen, jau, då er det ikkje eit auga som er tørt...


So liti du ligg millom øyar der vest,
men modig du fjordane kløyver,
med høgreiste hamar der skavlane brest
og sjøbroti dengjer og døyver.
Eit hardvore drag
av ver og av gnag
når stormane gufsar og gøyver.

Men skiner det sol over fjordar og land
og sjøen har finaste lune,
då smiler dei grønkande bøar frå strand
og breier seg fagert kring tunet.
Snautt finare såg
du vikar og våg
med skoglund og vollane grøne.

Eg elskar mi øy mellom øyar der vest
om ikkje ho er av dei store,
ditt lag og ditt lende i hugen er fest,
ditt bilet i hjarta er skore.
Frå barndomens år
til grånande hår
du med meg på ferdi har vore.

2 kommentarer:

Asbjørn Sortland sa...

Ja, ein kan ynskja seg te Huglo på ein slik dag. Men me hadde da veldig fint på 17.mai i Alta også i år, kanskje den varmaste på åravis. Mamma og pappa var på besøk.

Anonym sa...

Øyvind! Eg visste ikkje at du var på nett!:) Hyggelig overraskelse. Sjøl er eg visst veldig dårlig med oppdateringer... Har du forresten blitt ein aktiv linegåer? Eg er i ferd med å bli entusiast. Er du heime siste halvdel av juli? Jobber i Oslo no, men kommer veldig heim då. Men, du. Mulig du er motstander...vil likevel slå et slag for facebook, som er litt enklere måte å "keep in touch" på:) Vær velkommen!
Klem fra Lene