21 januar, 2009

Shalom shalom

Grunna min manglande informasjonsstrategi vert det diverre
dårleg med oppdateringa her altså.
Eg e på plass i Volda, og har nett gått inn i mitt tjuefjerde år med
lite brask men ein god del bram. Hadde ei koseleg feiring med goe
venna på mandag - so da va kjekt!
Elles driv eg med so smått med eksamenslesing - ska ha KRL-eksamen
om et par veke. Eg e so gniten at eg har lånt bøkene på biblioteket, og trur
du kje at eg måtte levera inn nåken av dei idag, so då blir da plutseli verre
med lesingo gitt... jaja, eg får satsa på NLA-lærdommen fortsatt ligg her inne ein plass.
I går va eg på pilegrimsferd te Ivar Aasen-tunet. Der såg eg blandt møkje anent løye
eit bilete av unge lovande Sortland i aviso Sunnhordland so då va dagen redda!
Elles e da dårligt med vinter her altså -so treng litt snø no ganske snart
Eg legg ut nåken bilete frå julo heima. Hadde goe veke ilag med familien og venna.


Åsmund og Eirik sel julatre på kaien på Nordhuglo.


Da blei nåken nette i gapahuken. Her e Hilde i gong med frukosten

Thomas og Christian klare for ei go og småtrong natt. -Gaza neste Thomas??

08 desember, 2008

Ein skikkeli fin gamal song

Herligste navn

Herligste navn som er uttalt på jord: Jesus, Jesus.
I det er frelse for hver den som tror. Jesus, Jesus.
Det har meg styrket i prøvelsens dal, det har meg gledet i
festsmykket sal, det inn i døden min trøst være skal, Jesus, Jesus.

Når jeg har trett lagt mitt hode til ro, Jesus, Jesus,
vi er alene i stillhet vi to - Jesus, Jesus.
Da blir det smått det som før syntes stort, da blir det lite alt
det jeg har gjort, Da uten deg vil jeg komme til kort, Jesus, Jesus.

Gjenlyd der utenfra øret vil nå, Jesus, Jesus.
Minner fra fortiden for meg vil stå, Jesus, Jesus.
Hjertet mitt skjelver, og pulsen slår matt. Øynene lukkes,
omkring meg er natt, hvisk da det navn som var alltid min skatt: Jesus, Jesus.

Hvisk til meg når jeg i søvn faller hen: Jesus, Jesus!
Hvisk det igjen og igjen og igjen: Jesus , Jesus!
Det skal forjage alt ondt og alt stygt, det skal borttage all redsel
og frykt. I dette navn skal jeg sovne inn trygt. Jesus, Jesus.

(Petter Dass - so eg forresten e i slekt med - elle va da kje so, mamma?)

05 desember, 2008

Vinter!



Me har nydelege daga her i Volda for tio.
Snøen har logge fleire veke allereie og skino
e flittig i bruk. Elles nerme da seg jul - ska bli
godt med ferie og å koma heim.
Heldi so eg e har eg ikkje eksamen no te jul,
so skrive på eit par oppgåve, og når
dei e ferdige so e da ferie.
På laurdag va da adventsfest med VOKS - øve femti
kjempebra folk, go mat og go stemning.
I går va da julabord med klassen. Julamat og ein veldi triveleg
kveld med leika og møkje swinging.

Men altså so e da flott vinter her! Natt te onsdag låg
eg ute onda open himmel med Marcus, Lars Ivar, Katrine og Ragnhild
- da va utruli flott! Fann ein fin plass i furuskogen på Reset
(eg tek på meg skino heima og so e da ein liten halvtime å
gå opp te skinsenteret på Reset -luksus!) me brann bål og åt
långt utøve før me sovna onda stjernene!
Eg legge ut nåke bilete frå den fysste skituren i år med Vegard,
Elisabeth og Elise på Koppefjellet - nydeleg dag!


30 november, 2008

Basar

Eg er med i VOKS - Volda kristne studentlag.
Me har møter kvar torsdag i tillegg til ymse anna.
Det er veldig mykje bra som skjer altså! Veldig spanande,
og eg kjenner verkeleg at Gud jobbar med oss her i Volda.
For eit par veker sio arrangerte me go gamaldags basar
på Bøen. Omtrent 50 stykk var innom i løpet av dei vel fire timane
basaren varte. Det var lykkehjul, misjonsyatzy, åresal, mat, trøorgel,
andakt, basarbok og særs god stemning. Me fekk inn over 8000 kr som går til
studentarbeid i Azerbadjan.
Her er nokre basarbilete






14 november, 2008

Livsteikn på verdsveven

Hallohallo!

Då va eg tebake itte ein litt vel long pause frå blogging.
Men dinna bloggen va kje død, og no satsa eg på å starta
på an igjen med friskt mot!
Møkje har skjedd si sist, både vår, sumar og snart ein haust
e lagt bak oss. Eg har hatt og har da bere bra - takka Gud for da!
Lærarstudent i Volda, da e da eg offisielt sett e no. Havna her i
ei hattafåka i august, men har sett meir og meir at nett no e da meiningo
eg ska ver her - trivest veldi bra og har fått månge nye og goe vener her.
Då satsa eg på at eg ska klara å få inn bilete og skriva jamnt og trutt framøve.
"Stay tuned", so han sa hin.

29 april, 2008

Å duuu, åååå duuu, so flott me har da!

”Jeg er litt småsvak for de svære fjellene
der vest, lyset fra fonnene, og havet som
stikker fingrene inn her for å kjenne om
vi ennå er blandt de levende, - og for de
store stillhetene”
-Rolf Jacobsen
Fantastisk flott helg ved Gygrastolen!






Jeg velger meg april

Jeg velger meg april!
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder, -
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter, -
i den blir somren til!

Bjørnstjerne Bjørnson

07 april, 2008

Ein skikkeli go`-tur

Brandsethdalen
-villmark
-fjellfuruskog
-open himmel
-vannvitti mykje stjerner
-rypestegg som vekkarklokka
-bål
-go mat
-småkaldt
-heilt stilt
-nydeli føre
-sol
-ein stad der ein fekk ha, so han sa han hin, "service på vete"






01 april, 2008

Every Grain of Sand- Bob Dylan

Kjempeflott song av Bob Dylan
-ska på konserten i Stavanger 30. mai!

Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn, sidan du tek deg av det?
Sal 8, 4-5

Nåken påskebilde

Påsko va flott! Blei ei ekstra veka "ferie" heima
med jobbing -saging og saue i finavere - klaga kje på da!
Tebake i byn e da oppgåveskriving og diverse so begynna å
nærma seg ittekvart...-men da ordna seg nok visst tenkje eg!

jajaja, litt åv ein gjeng.... -i sofan på hytto te onkel og tante
Eirik og eg på veg ne frå flott topp på Venabygdsfjellet.
Slår eit krafti slag for fjellski og lærsko (sjøl om di gnege te tie..)
Åsmund ved gapahuken

Idag blei da, ja da e gale å sei da, heldivis gråvær, so då fekk eg litt ro i sjela og klarte ganske so monge tima på lesesalen. vel, om di va so veldi flittige kan diskuterast... So va da fotball i duskregne før roli kveld her i B-veien. No har eg nett skurt steikjeomnen...laga muffinsa i stad, og for å sei da sånn so va da nåke muffins med dei altså...-ein merkjelege smak av kylling og EuroShopper olivenolja passa dårli ilag med sjokolademuffins. Itte ein kjapp diskusjon i heimen fall all skuldo på meg og eg måtte innrømma at smaken (og for så vidt lokto på kjøkenet) kom frå eit middagsprosjekt so gjekk litt gale i går... So no måtte da skrubbast.
-sjit, da ryk og lokta visst fortsatt...

Nåken goe strofe å tenkja på te slutt:

"Der ingenting e galt e heller aldri nåke rett
Der aldri tunge stunder finst blir aldri nåke lett".
Når ingenting e svart og kvitt så blir alt grått og hjarta kaldt
Når alt får lika gyldigheit så blir det likagyldig alt".

-Torolf Nordbø - Han Innante.

18 mars, 2008

Lydar på basar

Basar på bedehuset på Huglo e allti lika kjekt.
Palmelaurdag va da den årvisse Sjømannsmisjonsbasaren,
betre kjend so Gjertrud-basaren.
Her e eit utval lydar ei ofta høyre på basar:

-kor mykje va da for åro? (5 kr jada)
-neste gevinst e hermetiske pere og ein oppvaskkost
-ka nommer sa han?
-he... he... he... (itte endo ein tørre vits frå ristemannen)
-e da kje fleire mjelkekake igjen?!?!
-bere tre mommer i frå!
-då va da siste i dinna omgongen; hermetiske pere og et gult lys
-oi, trur me ska legga an ne litt gitt (itte å ha gått litt hardt ut på ein song)
-ka va da for nommer an sa?
-hmm...ja...vel..hmm (itte ein vinnar på boko vert lest opp)
-den va go du (ny vits -heilt ny faktisk!)
-hmm...njaa... (ho fekk seg ein hekla løpar og to gule koppa)
-då trekke me opp att (allti nåken so ikkje følge me)
-fekk eg penga hos deg? ikkje??-kin sine åre ditta e då?? (e kje lett å selja åre allti)
-hmm...hmmm....kin e da? (ny vinnar på boko)
-OI, bere et nommer i frå - typisk!
-hermetiske pere og et rosa forkle, ikkje verst!
- va da 1257? -tolv femtisju, ja
- ..............................(ikkje ein lyd før proviantkassen vert trekt)
-me syng ein song te slutt. Takk for alt de har gitt, og vel heim!

(So har me fått inn nokre fleire sitat frå Eikjelands:)
- "eg kan ikkje legga skjul på at eg litt gla i han innante"
- ahhaha, (itte at ein gamal mann vant ei dokka)
- kin va da so vant no, ka bok va da? ja der skreiv no kje eg...nai, da der e no kje meg...
- ute i gangen ligger en bunke med bud fra nilsen
- da e so han sa hin" ditta elektroniske greiene funka ikkje da, da kjeme jo so monge like nommer. når eg lese pleie eg å kutta eit tal når da blir for møkje likt...
-ahhh... (itte at ein fin gevinst vart vunne)
- kin e da?? inne i nyesalen!!
- 237, 2.3.7 ..... rau åra!!
- han der har no vunne møkje i kveld han!
- me har visst sotte oss på feil bord...

Takk te jentene for utviding av listo. Tek gjerne imot fleire lydar frå basar!

Ja, takk te damene so laga te te basar, da e voldsomt flott!
Påsko elles e godt i gong. To daga me tømmerjobbing, ein dag på
ski, tåligt fint ver, kvelda me gjengen og i alt godt å vera heima.
På onsdag køyre me austøve te hytto te onkel og tante.

13 mars, 2008

Påske -no?!



Ska sei tio flyg. Ein dag te no so e da forsyne meg påskeferie.
Sjøl om påsko i år kjeme voldsomt tidleg, so e da midten av mars
allereie, og syns da går helste fort, ja.
Men da ska no bli godt med ferie, sjøl om da vel, igjen, kan
diskuterast kor velfortent den e...-jaja, ferie blir da no!
Bildene e frå skitur på Vidden i Bergen -ja, da e heilt sant!
To turar har eg hatt øve der siste vekene, so da e kje verst!
Roli på skulen e da. Me har hatt praksis i ein femteklasse der me har
hatt KRL-maraton sista veko, da har vore kjekt! Me hadde òg eit
veldi bra tverrfaglig kurs for eit par veke sio med mykje bra!
Hardkjør på konsertfronten onda UKEN for to veke sio, med Kaizers so da
store høgdepunktet.
Hatt besøk av først Mari og so Eirik dinna veko. Og i går kveld
va me på Lovsang Bergen i full Grieghall - utruli bra og godt!!
Jepps, ditta va ein litn statusrapport, no blir da filmkveld hos
Ottar og gjengen.
Imåro e da heim te mammo!
Go påske alle samen! Nyt snøen, solo, appelsin og vener, og ikkje
gløym grunnen til at me har dinna ferien - uendeli takk til Jesus.

12 februar, 2008

ka ska ein sei?

Da e no forterande òg. At når ein liksom absolutt sku ha gjort
nåke, so e da so besetta håplaust å koma i gong...
No va da so daufødt heila greiene at eg lika godt kan skriva litt her
-kreve ikkje so altfor mykje ro i sjelo ditta.

Våren e komen -ja, an e jaffal godt på veg! På sundag va an her jaffal,
da e no snickers og twist! Va te og med ute utan hua, sjøl om mammo
meinte på at da va no neppe nåken go idè...
Blei te at eg tok turen sørøve te holmen i helgo -fekk no fylt opp
dosen med mamma-omsorg, farmor-kake, ekte jobbing (sjitne neva-jobbing),
frisk luft og ro i kropp og sjel -da va godt!
Fekk gjort litt stas på mammo på sundag -du fortene so utruleg mykje meir
mamma, da e heilt sikkert -ka sku me gjort utan deg?!

Fekk stoppa ein begynnande forkjølelse av å vera heima i varmen!
-e vel ikkje nåke særli bra triks å legga seg med søkkvått hår itte
ein kald kveld i Eikedalen når da e 7 grade på romme...
Jau, kjøligt har me da, men du verden!: når ein kjem inn på kjøkene
te 6 grade, so kjennest da jo voldsomt varmt når termometere passera 13!
-nei, ein kan kje klaga! Sjøl om blomane våre tek kvelden ein itte ein...
ja di flata ut sjøl om di står omtrent oppi vedovnen -men litt svinn må
ein vel rekna med..!

Fekk med ein påse sild heimantifrå. Farfar hadde fiska sin del, so i går
va da røykt sild te middag i heimen -tjytttij, dettan va tjiv mat, meinte
trønderen so ikkje kunne forstå koffår da va so voldomt me bein i
disse fiskane...-da lura for så vidt eg og litt på...
I dag va da, du hendelse, torskerogn te middag! So dinna veko e
me i da tradisjonella og anti-student-meny hjørna.

Te helgo ska eg vera leiar på EnerSkiLeir på Kvamseter. E veldi bra påmelding, so
trur og håpe da verte fem flotte daga, og at me alle kjenne at Han e med oss!

I måro ska skino få bli med på ein topp på Kvamskogen i solskinet! Tek bussen opp
rett frå forelesning i 11-tio, so da blir megabra! Sjøl om ein sakna Finnmark av og te
so e da no veldi greit at da ikkje e nåke stort problem å koma seg opp i snøen her!
-men begynne å lura på om da faktisk ska vera sånn i år at all snøen kjem ferdig
brøyta her i Bergen...??

Vel, da va da

27 januar, 2008

Bilete frå ein flott julaferie

Førjulstur på Sunnmøre. Flott kveld under Slogen på veg til Patchelhytta.


Bjørnar og eg på Store Brekketind. Ståle Aklestad var sistemann med på ein superbra tur.

Åsmund er nøgd med ny buksa, heima på julafta.

Gjengen samla til pizzakveld i bakarhuset til Notlands

Tur med Ida, Silje og Mari. Koseleg på Blomstølen i Etnefjello

Etter at jentene måtte attende til sivilisasjonen, kom litt av huglagjengen opp for ein fantastisk nyttårsfeiring på fjellet.


13 januar, 2008

For ein ufatteleg fantastisk Far me har!

Salme 103 Mi sjel, lov Herren!
Av David.

Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
2 Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
4 Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med godleik og miskunn.

5 Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
6 Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, få sin rett.

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.

9 Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam mot dei som ottast han.
14 For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.

15 Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
16 Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.

17 Frå æve til æve er Herrens miskunn over dei som ottast han.
Hans rettferd når til barneborn
18 når fedrane held hans pakt
og kjem i hug hans bod, så dei lever etter dei.

19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,
han rår som konge over alle ting.
20 Lov Herren, de hans englar,
de sterke heltar, som set hans ord i verk,
så snart de høyrer hans røyst.

21 Lov Herren, alle hans hærskarar,
de hans tenarar, som gjer hans vilje!
22 Lov Herren, heile hans skaparverk,
på alle stader der han rår!
Mi sjel, lov Herren!

09 januar, 2008

Godt nytt år!

Idag har eg vore på kafè, og på eit kjøpesenter.
Gått på eit fortau, og venta på grønt ljos.
Lurt litt på kva for matbutikk eg skulle gå inn på no,
og der møtte eg på ein masse folk som eg aldri før har sett.
Ja, det er nok ingen tvil - eg er attende i byen
og var det ikkje slik at paraplyen fekk lufta seg idag òg
- jau, det er nok sant; eg er i Bergen.

Det skal no for så vidt bli litt greit å koma i gong att her då
-i alle fall vert det kjekt å treffa att folket!

Så takk for flotte veker heima mi kjære Huglo!
Då disse byane har noko breiare breiband enn holmar
i Sunnhordland, skal det nok bli ei råd med litt bilete frå
ein kjempeflott julaferie etter kvart.

25 november, 2007

Eksamenslesing

Ja, no begynne ein å kjenna at ein faktisk
går på skulen likavel, gitt...
Er litt for mykje å koma seg gjennom, og med
regntida som ein fjern (vond) draum, er det
vanskeleg å finna roen på lesesalen når sola skin altså.
Nei, då går eg ut!
Her er det Øyvind i klassen som nyt dagen på Ulriken
-snø, sol og faktisk fekk me lest ein god del òg!
Snart er det jul!