13 januar, 2008

For ein ufatteleg fantastisk Far me har!

Salme 103 Mi sjel, lov Herren!
Av David.

Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
2 Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
4 Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med godleik og miskunn.

5 Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
6 Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, få sin rett.

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.

9 Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam mot dei som ottast han.
14 For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.

15 Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
16 Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.

17 Frå æve til æve er Herrens miskunn over dei som ottast han.
Hans rettferd når til barneborn
18 når fedrane held hans pakt
og kjem i hug hans bod, så dei lever etter dei.

19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,
han rår som konge over alle ting.
20 Lov Herren, de hans englar,
de sterke heltar, som set hans ord i verk,
så snart de høyrer hans røyst.

21 Lov Herren, alle hans hærskarar,
de hans tenarar, som gjer hans vilje!
22 Lov Herren, heile hans skaparverk,
på alle stader der han rår!
Mi sjel, lov Herren!

Ingen kommentarer: