09 januar, 2008

Godt nytt år!

Idag har eg vore på kafè, og på eit kjøpesenter.
Gått på eit fortau, og venta på grønt ljos.
Lurt litt på kva for matbutikk eg skulle gå inn på no,
og der møtte eg på ein masse folk som eg aldri før har sett.
Ja, det er nok ingen tvil - eg er attende i byen
og var det ikkje slik at paraplyen fekk lufta seg idag òg
- jau, det er nok sant; eg er i Bergen.

Det skal no for så vidt bli litt greit å koma i gong att her då
-i alle fall vert det kjekt å treffa att folket!

Så takk for flotte veker heima mi kjære Huglo!
Då disse byane har noko breiare breiband enn holmar
i Sunnhordland, skal det nok bli ei råd med litt bilete frå
ein kjempeflott julaferie etter kvart.

Ingen kommentarer: